Kjære Sofavelgerar

Å finne ut kva du skal stemme er utruleg vanskeleg, men det eg med handa på hjartet kan sei er at Sofaen er det dårlegaste valet. Sofaen kapra 35,7% av innbyggarane i Etne i 2007. Nå når eg ser tilbake på desse fire åra vil eg sei det er han som kjem dårlegast ut. Eg kan ikkje sjå at den har bidratt til nye sjukeheimsplassar, barnehageplassar eller Skakke-senter. Han har rett og slett ikkje hatt nokon positiv påverknad på kommunen. Han har i grunn vore ganske passiv i heile kommunepolitikken, og kven vil vel stemme på ein slik kandidat? Les mer…

Gje di røyst til Siri Klokkerstuen og Ap!

Måndag skal me gå til valurnene for og velja eit nytt kommunestyre som igjen skal avgjera kven som blir Etne sin neste ordførar. For 4 år sidan var Etne Ap det største partiet og Siri Klokkerstuen hadde flest personsrøyster. Den gong fekk som kjend ikkje Ap ordføraren pga ein allianse mellom partia Sp, H, V og Frp som stemde Sigve Sørheim inn som ordførar. Me fekk den gong ikkje vera med på reelle forhandlingar om ordførarposisjonen, noko som gjer oss ekstra motiverte og tydelige på at Etne Ap bør får ordføraren ved dette valet. Og då kjære veljar må du gripa moglegheita for å vera med å påverka ved å nytta røsteretten din! Gje di røyst til Etne Ap og gje Siri Klokkerstuen ei personrøyst. På denne måten vil du vera med å synleggjera folkeviljen som for 4 år sidan ikkje blei fylgd av det då nyvalde kommunestyret.

Val 2011


Det går mot eit spanande val for Etne kommune, der det nye kommunestyret står framfor nye og viktige utfordringar i åra som kjem.
Ei viktig sak er å stimulera til auka busetjing i kommunen vår.
Ein offansiv tomtepolitikk er viktig for at Etne Kommune kan få fleire innbyggjerar.
Etne Arbeiderparti vil arbeide for at det blir utvikla attraktive tomteområde i kommunen. Me vil og arbeide for at det blir lagt til rette for ungdomsbustader og bustader for personar med særskilde behov.
Les mer…

Ei solskinnshistorie frå Hordaland

Gjennom dei siste tiåra, har havbruksnæringa vakse fram som ei stor og viktig næring i Hordaland, og skapt arbeidsplassar og verdiar i heile fylket. Samstundes har me sett baksida av medaljen og opplevd ein del av barnesjukdommane til ei ung næring i rask vekst. No har me ikkje tid til fleire barnesjukdommar. Alle synest å vere einige om at me no treng ei vaksen og berekraftig næring som satsar på ny teknologi. Alle unntatt Fylkesmannen.

 
 

Om siden

Etne Arbeiderparti er en del av Mitt Arbeiderparti.
Registrer deg for å kommentere, bidra og få oppdateringer.
  • RSS
  • Mer om sonen
  • Del med andre